Det blei innlevert mange postkort på Vårmarknaden, dei heldige vinnarane av 3-dagarspass til Dyrsku'n var:
Reidun Christiansen
Stein A. Berg
Jan Hansen
Bård Brekke
Billettane vert sendt i posten og me ynskjer hjarteleg velkomne til Dyrsku'n 14.-16. september!
Planane for resten av helga er herved lagt....?!
Lykkeleg vinnar av ATV
I quizen som vart arrangera på Vårmarknaden, kom det inn totalt 66 svar. Av dei var det 3 born som svara rett på 10 spørsmål, og kom med i trekninga av ein Polaris Outlaw 90. Dei vaksne slo berre til med 9 poeng som høgaste score, så dei fekk ikkje bli med i trekninga. Den heldige og flinke vinnaren heiter Tor Bjålid og kjem frå Flatdal, og me ynskjer å gratulere og takke for flott innsats!
Bil - små og store, til glede for både små og store...!
Besøksrekord på Vårmarknaden
Arrangementsleiar Margit Nordstoga Aasan melder om besøksrekord for årets Vårmarknad. Det har vore totalt 6600 personar innom portane i løpet av dei 2 marknadsdagane, og arrangørane Vest-Telemark Motorhistoriske klubb og Dyrsku'n Arrangement AS seier seg godt nøgd med vel gjennomført arrangement. Les meir
Framleis utstillarplassar på Vårmarknaden
Me har rekordstor pågang av utstillarar til årets Vårmarknad, men fortsett plass til fleire. Meld dykk gjerne på med søknadsskjemaet dykk finn her på sida, så får de tildela plass før dykk kjem. Elles er det sjølvsagt mogleg å få tildela ein plass ved personleg oppmøte på Vårmarknaden.
Velkomen til årets vakraste eventyr!
Gjengen er klare til å ta imot mange våryre gjester
VÅRMARKNAD I SELJORD 11.-12. mai
Det er klart for vårens vakraste eventyr på Dyrskuplassen i Seljord med handel, aktivitetar, konkurransar, mat og folkeliv.
Me ventar i overkant av 6000 besøkande, rundt 200 utstillarar, 130 veteranbilar og 125 campingeiningar. Arrangementet er i positiv utvikling og aukar år for år.
Aktivitetar på Vårmarknaden 2012
I tillegg til Futurliner, har me mange andre aktivitetar å tilby i år. Me har laga ein quiz/natursti med 10 vaksen- og 10 bornespørsmål - dei som har alle rette, blir med i trekninga av ein Polaris Outlaw 90! Trekninga er laurdag kl. 16.00 på standen til Arild Bondal AS.
Futurliner #8 til Vårmarknaden
Nordens mest omfattande restaureringsprosjekt kjem til Vårmarknaden 11.-12. mai.
I samarbeid med Team Jonssonpower, Drake Chemicals, Vest-Telemark motorhistoriske klubb og Dyrsku'n Arrangement kan me skilte med at det kjem ein futuristisk buss, som det eksisterar berre 12 av på verdsbasis. Me kan fylgje restaureringsprosjektet, både med restaurera delar og bileteframsyning på standen til Team Jonssonpower.
Konsert med Staut på Dyrskuplassen
Under den årlege Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord 11 & 12 mai 2012, blir det ein heidundrande fest med musikk av gruppa STAUT på fredag 11. mai.
STAUT er ei gruppe som syng på rein dialekt frå Valdres, noko som gjer at denna gruppa har komme på ynskjelista til mange musikkinteressera sjelar. Gruppa spelar gode sangar der ein kan svinge seg både fort og seint, og dei blir meir og meir kjent i Noregs lange land.
Søknadsfrist 1. april
Me minnar om at søknadsfreista for utstillarplass til Dyrsku'n 2012 går ut 1. april.
Ellers vil me få ynskje dykk alle ei riktig GOD PÅSKE! Her skal me lade batteriar fram til ein travel sesong, så håpar me å høyre frå dykk etter påske :-)
Trykk "last ned" for å kome direkte til påmeldingsskjemaet.